Glad All Over

Glad All Over
Singel av The Dave Clark Five
frå albumet Glad All Over
B-side

«I Know You»

Språk engelsk
Utgjeve 15. november 1963 (Storbritannia); 27. desember 1963 (USA)
Innspelt 1963
Sjanger Rock
Lengd 2:41
Selskap Columbia DB 7154 (Storbritannia)[1]
Epic 9656 (USA)
Komponist Dave Clark, Mike Smith
Tekstforfattar Dave Clark, Mike Smith
Låtskrivar(ar) Dave Clark, Mike Smith[1]
Produsent Dave Clark[1]
The Dave Clark Five-kronologi 
«Do You Love Me»
(1963)
Glad All Over «Bits and Pieces»
(1964)


«Glad All Over» er ein song skriven av Dave Clark og Mike Smith og spelt inn av The Dave Clark Five.[1] I januar 1964 vart han den første store hitten deira i Storbritannia og nådde toppen av UK Singles Chart. I april 1964 nådde han sjetteplassen på den amerikanske US Billboard Hot 100-lista, og vart den første gruppa i den britiske bølgja etter The Beatles som fekk ein hit i USA. Songen gjekk òg til topps i Irland, nr. 3 i Australia[2] og nr. 2 i Canada.[2] Han nådde fjerdeplassen i Nederland[3] og 16. plassen i Tyskland.[4] «Glad All Over» var den nest mestseljande singelen i Storbritannia i 1964 etter «Can't Buy Me Love» av The Beatles,[5] og selde nok i november og desember 1963 til å bli den 58. mestseljande singelen i 1963.[6] Totalt sett hadde «Glad All Over» seld over ein million eksemplar berre i Storbritannia.

I 1993 vart «Glad All Over» gjeven ut på ny som singel i Storbritannia og nådde då 37. plassen på UK Singles Chart.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 74–5. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. 2,0 2,1 «DC5 Worldwide Discography». Thedc5.com. Arkivert frå originalen 9. desember 2013. Henta 5. april 2014. 
  3. «1964». Arkivert frå originalen 6. februar 2010. 
  4. «Jahreshitparade Deutschland 1964». Killersoft.at. Henta 5. april 2014. 
  5. «The 100 Best-Selling Singles of 1964». Henta 16. januar 2015. 
  6. «The 100 Best-Selling Singles of 1963». Henta 15. juni 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne